Arven


Informasjon : Denne filmen er laga om bygginga av Manndal kapell frå hausten 1951 til det sto ferdig til vigsling 13. juni 1954. Soga rundt bygginga av kapellet er spesiell og gav inspirasjon til å lage denne filmen. Den 16. januar 1866 blei det fødd ein gut på Nordre Bringa i Manndal. Han fekk namnet Olav. Ein dag utpå våren I 1883 reiste Olav til Amerika og slo seg ned som farmar i Nebraska. Fleire andre syskin til Olav reiste og over dammen. Ingen vart gifte, og Olav levde lengst. Han arva dei alle saman og blei ein velståande mann. Hand døydde I 1953, 87 år gamal. Men Olav kunne aldri gløyme heimbygdi si og foreldri. Før han døydde hadde Olav skrive eit brev til lensmannen i Seljord der han nemner han kunne tenke seg å gjeva ei gåve til heimbygdi si. Lensmann Svein Sveinsson levera brevet til sokneprest Simon Dahlen. Og sammen med Kjetil Kvaale fann dei ut at denne gåva på 10000 dollar kunne kome vel med til eit kapell I Manndal – og slik vart det. Filmen viser eit imponerande dugnadsarbeid frå bygdefolki – presten – kunstnarar og mange andre gode krefter. Me fylgjer heile byggeprossessen fram til vigsling.

Ã…r : 1953

Lengde : 00:15:26.64

Kommentarer: