Forside Videoar Røldal stavkirke (Hordaland)
Visning

Røldal stavkirke (Hordaland)

0
Beskriving
A
18 august 2017 - Hans Inge Hagen
Røldal stavkyrkje ligg i Røldal sokn i Hardanger og Voss prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1250. Kyrkja har langplan . Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.
Røldal stavkyrkje er bygd ein gong mellom 1200 og 1300. Kyrkja, som har gjennomgått fleire endringar og restaureringar, har i dag brunmåla vestlandspanel, ein kraftig takryttar, smårutete vindauge og skifertak. Eit enkelt rektangulært skip og eit mindre kvadratisk kor utgjer kjernen i den opphavlege stavkyrkja.

Interiøret er prega av 1600-talet. Under restaureringa på byrjinga av 1900-talet vart dekoren oppmåla på grunnlag av målingsrestar frå 1630. Rundt kyrkjerommet er det måla draperi som illuderar brystningar, og veggane og himlinga er rikt dekorerte med bladornamentikk med stor fargerikdom. Altertavla, kyrkjebenkane og preikestolen er barokke. Altertavla, med bibelske motiv i midtpartiet og katekismetekster i sidefelta, er laga i 1627 av Gottfried Hendtzschel, som laga kyrkjeinventar til fleire kyrkjer i Rogaland.

Den enkle døypefonten i kleberstein er frå 1200-talet. Over koropninga heng eit stort triumfkrusifiks frå rundt 1250, som vart rekna for å være undergjerande. Kvar Sankthansaftan valfarta folk til kyrkja for å be om lækjebot. Dette fortsette heilt til 1800-talet, då prosten sette ein stoppar for praksisen. Fleire av middelaldergjenstandane frå kyrkja finst i dag på musea.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
Facebook
Røldal stavkirke (Hordaland)