Nes kyrkje ligg i Sauherad og Nes sokn i Øvre Telemark prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1180. Kyrkja har langplan og 170 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.
Nes kyrkje, Sauherad
Nes kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje med rektangulært skip og lågare og smalare kor. Koret er rett avslutta utvendig, men innvendig står alteret i ei halvrund avslutning, apside. Tårnet i vest og sakristiet i aust er bygd til på 1800-talet. Kyrkjeportalane har særeigen utsmykking, blant anna er det hogne steinrelieff nedst på korets sørportal som viser dyremotiv og Sigurd Fåvnesbane i kamp med draken.
Kor og skip i Nes kyrkje er rikt dekorert med kalkmåleri både frå mellomalderen og seinare. Desse vart avdekte i 1937-39. I skipet er det avdekt mellomalderske kalkmåleri i form av ornament, medan veggen mot koret er måla i 1706-08 av Laurits Petersen. Veggene og kvelvet i koret er fullstendig dekte av kalkmåleri frå slutten av 1200-talet. Veggene har draperi og medaljongar, og langs nedste del av kvelvet er det bilete frå Peters og Paulus liv, blant anna Paulus Damaskusoppleving. Motivet over korbogen er Krossfestinga, med Maria og Johannes ved foten av krossen, og i apsiden ser ein Marias himmelkroning. I toppen av kvelvet tronar Kristus. Han har brødet og kalken i den eine handa, og gjer signingsgesten med den andre.
Altertavla i renessansestil frå 1663 er måla av same kunstnar som også har måla altertavla i Sauherad kyrkje. Båe altertavlene har biletfelt med orda sursum og musica, som tyder «opphøg musikken».
Kjelder:
Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000